“Der fargar er tonar, ornamentikken den tause tale, og kjærleik for tradisjonar er det bærande i mitt formspråk.”
Arbeidsmetode
Kvar einskild gjenstand byggjer eg opp som eit måleri, fyrst med ei grunnbehandling av treformene, deretter ei grundering med kridt lim eller oljemaling. Malinga lagar eg sjølv etter gamle oppskrifter og brukar dei gamle klassiske maletknikkane. Overflata vert oppbygd av fleire tynne sjikt med transparent maling. Underfargane er oftast ljose med mørkare transparente lag over. Dette gjev spesielle verknader av liv og djupare glød. Eg byggjer opp ny komposisjon til kvar einskild gjenstand.
Komposisjonane er heilt mine egne, men inneheld likevel dei gamle grunnprinsippene i det gamle faget, rytmen, linjespelet, linjeføringen. Det er viktig at det er samspel mellom form og dekor, og eg set svært høgt det å utnytte treets vakre linjespel i komposisjonane mine.
Når det gjeld fargeuttrykket arbeider eg som kolorist. Eg prøver å fange dei vare stemningane i livet. Dei stille augneblink, som det finst mange av i kvardagens kav og mas.
Ornament
Ornamentet er et bilde av tingens vesen. Det uttrykker det essensielle og har kastet alt uvesentlig bort. Man kan kalle det en forenkling av virkeligheten. Når alt overflødig er fjernet og kun det uunnværlige er latt tilbake, da oppstår ornamentet. Et virkelig ornament er ikke en dekorasjon, men uttrykker en tings uberørte sjel. Selv om ornamenter ikke er en nøyaktig avbildning, inneholder det en sannhet som overgår virkeligheten.
– Yanagi Soetsu, Japansk filosof –Sommarutstilling i Eidfjord 2026
Galleri N. Bergslien · 18. juni–23. august 2026
Frå 18. juni til 23. august 2026 hadde eg separatutstilling ved Galleri N. Bergslien i Eidfjord. Utstillinga sette fokus på dei tradisjonelle fredssymbola våre og samspelet mellom desse, naturen og menneske i fred. Hovudverket var den animerte installasjonen «Regnbogen».
Takk til alle som tok turen innom, og til Galleri N. Bergslien for eit fint samarbeid. Her kan du sjå bilete frå utstillinga.
Følg meg på Instagram!
Her legger eg ut kommande arrangementer, utstillingar og nye kunstverk.
Kontakt
For private oppdrag, tilpassede malerier, eller hvis du har noen spørsmål, kan du kontakte meg her:
anne@hesvik.no
+47 472 36 713