Rotvelta
Måleri
Teknikk: Linlerret/Olje, H:150, B:120
Rotvelta
Det er så fagert i skogen å vandra
og sjå kor det veks av tre og av strå.
Ved nylaga vegar og attgrodde stiar
Er alltid nytt liv og forandring å sjå.
Dei finaste trea du finne i teigen.
Dei er for auga ein hugnad å sjå
Dei står der så rake utan eit lyte
med kruna i toppen og smågreiner på.
Men borte ved brotet ligg det ein krakje
den har prøvt feste til berget det grå.
Men i uver og storm det rauk overende
Og ligg der knuga til marka på skrå.
Men litt av rota heng att i jorda
så treet er grønt om det enn ligg på skrå
Og toppen seg krøkjer og løfter mot høgdi
Mens stamma er krøkt og ulikeleg å sjå.
Mannen sku ha seg vyrkje til båten
og fann treet og kroken som passa til slikt
Skulle båtar få både form og styrke
Kunne ikkje alt vera hoggande likt.
Det finaste treet vart dekk og forhudning
Vart høvla og smurt og skinande blankt
Mens kroken ved brotet vart øksa og forma
og gøymt under dekk som støtte og spant.
Båten la ut på blikkstille fjorden
og plankane skuva sjøen ifrå.
Men så rauk det opp med storm og med kuling
Då kom dei til nytta spanta på skrå.
Ja, det kan me læra av treet og kroken
At alle saman me verdfulle er.
Dei fleste likjest nok kroken ved brotet
Som lyfter sin topp om ei rotvelt den fer.
Det som er særmerkt mot rotvelte treet
Er røtene små som i jorda heng att
Dei tek til seg næring, det tykkjest så lite
Men nok å ha liv og få spennkrafta att.
Sigmund Leigland.