«Regnbogen»


Kvar enkelt kule vert ein «doggdrope». I seriar på seks kuler i regnbogens fargar vil «doggdropane» danna regnbogen. Regnbogen representerer eit av verdas eldste symbola for fred. Regnbogen er også eit symbol på mangfald, variasjon, samhald og fellesskap, som regnbogeflagget er mest kjend for. Regnbogen består av tusenvis regndropar – doggdropar: «Drypp, i himler fra oven, og fra skyene strømme rettferdighet ned» (Sitat frå Bibelen

I ei uroleg verd er fred, mangfald samhald og fellesskap symbol det er viktig å setje fokus på. Symbol som er felles, uavhengig av politikk, kultur og religion. Symbol som gir håp for framtida. I installasjonen vil kvar serie av «doggdropar» ha ulik farge knytt til regnbogen og ornamentikken vil innehalda ulike symbol for fred frå ulike kulturar og  religionar.

 

Levert av Fusit