Landslovutstillinga ved Uvdal bygdatun 1.juni- 1.sept. 2021
«Miserabiles Personae» «De svake i samfunnet»
På Nore og Uvdal Bygdetun i Kyrkjebygda i Nore og Uvdal kommune vil de denne sommaren kunne oppleve Landslovutstillinga saman med ei utstilling av mine bilder.
I 2024 er det 750 år sidan kong Magnus IV Lagabøters Landslova vart gjeven.
Landslova som kom i 1274 er eit storverk ikkje bare i norsk, men i europeisk rettshistorie.
Dette vert feira med ei vandreutstilling i regi av Bergen Universitetet med leiaren professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde og Stavanger barnemuseet. Fram til og med 2024.
Utstillinga er og ei barneutstilling, som passer for både barn og vaksne.
Utstillinga vil visa fram korleis Landslova av 1274 endra norsk rett og samfunn, og la fundamentet for den statsdanning som Noreg framleis kviler på.»
Kong Magnus Lagabøters landslov av 1274 (Landslova) tok hensyn til de fattige. Miserabiles Personae er en betegnelse for de fattige og de som står svakt i samfunnet.
Utstillingen formidler nettopp barns- og svake samfunnsgruppers kår i det norske middelaldersamfunnet.
Utstillinga er open kvar dag frå 1. juni til 1. september frå kl.10.00 – 18.00
Velkommen!
«Tradisjon i ny drakt»

29. Feb. – 28. Mars 2020
Tradisjon i ny drakt
Ei utstilling der den gamle og nye tida møtest.
Når vi går inn i det nye, er det godt at verdifulle gamle tradisjonar slår fylgje. Hand i hand med oss lagar dei sitt preg på framtida. Vi vandrar vidare saman med skapande uttrykk, som ein del av identiteten vår.
Tradisjon i ny drakt er ei unik utstilling med inspirasjon frå gamle tradisjonshandverk. Ny tid i ny drakt, utsmykka med keramikk, glas, glasperler, koparstrikk, søljer, måleri med ornamentikk, trearbeid og saum.
Utstillinga er ein del av markeringa av Voss herad og opnar sama dag som heradsfesten.
Under opninga vil du få oppleva avduking av Noregs største handsydde åttebladrose i hardangersaum samt fleire heilt spesielle kunstskattar.
Opninga vert leia av Vigdis Jordal som saman med Guro Kathrine Vikør vil aduka åttebladrosa. Det blir musikalsk innslag av (Irene Tillung ) og Alexander Olavson Røynstrand . Kvitanesen (Torbjørn Ljones) skal setja sitt preg på utstillinga.
Hjarteleg velkomen til opninga laurdag 29. februar klokka 12:00 på nr. 19, Uttrågata 19 på Vossevangen.





