Heim
Butikk
CV
Portfolio
Atelier
Arkiv
Kontakt
Menu
“Tradisjon i ny drakt”
januar 17, 2020
Av
admin
0
Galleri 19. Uttrågata 19. Vossevangen. Voss.
29. Feb. – 28. Mars 2020
Tradisjon i ny drakt
Ei utstilling der den gamle og nye tida møtest.
Når vi går inn i det nye, er det godt at verdifulle gamle tradisjonar slår fylgje. Hand i hand med oss lagar dei sitt preg på framtida. Vi vandrar vidare saman med skapande uttrykk, som ein del av identiteten vår.
Tradisjon i ny drakt er ei unik utstilling med inspirasjon frå gamle tradisjonshandverk. Ny tid i ny drakt, utsmykka med keramikk, glas, glasperler, koparstrikk, søljer, måleri med ornamentikk, trearbeid og saum.
Utstillinga er ein del av markeringa av Voss herad og opnar sama dag som heradsfesten.
Under opninga vil du få oppleva avduking av Noregs største handsydde åttebladrose i hardangersaum samt fleire heilt spesielle kunstskattar.
Opninga vert leia av Vigdis Jordal som saman med Guro Kathrine Vikør vil aduka åttebladrosa. Det blir musikalsk innslag av (Irene Tillung ) og Alexander Olavson Røynstrand . Kvitanesen (Torbjørn Ljones) skal setja sitt preg på utstillinga.
Hjarteleg velkomen til opninga laurdag 29. februar klokka 12:00 på nr. 19, Uttrågata 19 på Vossevangen.
KUNNGJERINGAR & INFORMASJON (Trykk (Trykk for å lese meir)
Velkommen til adventsutstilling.
Voss Kunst og Handtverksmarknad på Evanger 24.-26. juni 2022.
Eidfjord Pianorama Utstilling. 24.06 – 21.08. 2022 Galleri N. Bergslien
Eidfjord Pianorama Festival 24-25. juni 2022
Eidfjord Pianorama 24.06- 21.08 Galleri N. Bergslien
Trykk her for eldre inlegg
DU FINN MEG OGSÅ PÅ
Levert av
Fusit