Eg er biletkunstnar og kunsthandverkar med atelier i det gamle bedehuset i Strandvik. Den kunstnarlege verksemda mi har røter i dekormåling, ornamentikk og klassiske norske og europeiske målartradisjonar.
Eg arbeider med måleri, grafikk, utsmykking og installasjonar på tre, lerret og tredimensjonale gjenstandar. Som kolorist er eg særleg oppteken av samspelet mellom farge, form, rytme og materiale.
Om Anne Hesvik
Vegen inn i kunsten
Eg byrja med rosemåling som 14-åring, då eg dekorerte hardingfeler som far min laga. Dette vart starten på ei livslang interesse for ornamentikk, dekormåling og dei gamle handverkstradisjonane.
Seinare gjekk eg rosemålingslina ved Suldal vidaregåande skule på Sand og studerte teikning, form og farge ved Voss Husflidsskule. Gjennom privatlære hos rosemålar Ellen Øygarden og målarmeister Ole Klavenes fekk eg fordjupe meg i tradisjonelle teknikkar og eldre formspråk.
Eg har òg studert ved Akademiet Rauland og hospitert ved Statens kunstindustrihøgskole i Oslo. Ved Fredriksberg Tekniske Male Skole i København tok eg spesialiseringskurs for målarmeistrar innan bladgull, ådring og marmorering.
Gjennom mange år har eg reist til museum, kyrkjer, slott og katedralar i Noreg og i Europa for å studere eldre måleri, ornamentikk, arkitektur og handverk. Desse studiane har gitt meg ei djup forståing for tradisjonane eg arbeider vidare med.
Kunstnerskap og arbeidsmåte
TRADISJON OG EIGE UTTRYKK
Dei gamle formene, stilane og teknikkane er ei viktig kjelde til kunnskap og inspirasjon. Samstundes er det viktig for meg at arbeida ikkje berre gjentek det som har vore.
Eg byggjer opp nye komposisjonar til kvart enkelt verk. Komposisjonane er mine eigne, men tek utgangspunkt i grunnprinsippa frå det gamle faget: rytmen, linjespelet, fargane og samspelet mellom form og dekor.
Når eg arbeider på tre, let eg gjerne strukturen, linjene og spora i materialet vere synlege. Eldre tre kan bere med seg merke etter tid, bruk og menneske. Desse spora er ein del av historia til materialet og får vere med inn i det ferdige kunstverket.
Målet mitt er å ta vare på kunnskapen og kvalitetane i tradisjonen, samstundes som eg fører det ornamentale språket vidare inn i vår eiga tid.
ARBEIDSMÅTE OG MATERIALE
Kvart verk vert bygd opp som eit måleri. Når eg arbeider på tre, startar prosessen med grunnbehandling av forma. Deretter vert overflata grunna med kritt og lim eller oljemåling.
Eg lagar mykje av målinga sjølv etter eldre oppskrifter og nyttar klassiske teknikkar som limfarge, oljemåling og bladmetall. Overflata vert bygd opp av fleire tynne, transparente sjikt. Dei lyse underfargane og dei mørkare transparente laga skaper djupn, glød og liv i fargane.
Eg arbeider på treplater, lerret og tredimensjonale gjenstandar i ulike treslag. Materialet er ikkje berre ei overflate for motivet, men ein aktiv del av komposisjonen.
ORNAMENTIKKEN SOM SPRÅK
Ornamentikken er som musikk. Fargane er tonar, medan rytmen og linjespelet dannar eit stille, visuelt språk.
Ornament finst på tvers av land, tidsperiodar, kulturar og religionar. Vi møter dei i heimar og kvardagsgjenstandar, men også i kyrkjer, katedralar, synagogar, regjeringssalar og slott. Ornamentikken er difor meir enn dekor. Han kan bere symbol, verdiar, forteljingar og kjensler.
Saman med farge, rytme og symbolikk kan ornamentikken skape heilskap og harmoni. Eg ønskjer at arbeida mine skal gi rom for ettertanke og fange dei vare stemningane i livet – dei stille augneblinkane som finst midt i kvardagens kav og mas.
Curriculum Vitae
-
2024 og 2019
Vesterheim Norwegian-American Museum, Decorah, Iowa, USA.2009 og 2008
Hardanger Folkemuseum.2000
Smithsonian Institution, Washington D.C., USA.1995–2020
Odd Jørgensens private samling, tre verk.1994
Norsk Folkemuseum, Oslo.1993–1997
Odd Nerdrums private samling, seks verk. -
1996–1997
Fredriksberg Tekniske Skole, København. Spesialiseringskurs for målarmeistrar innan bladgull, ådring og marmorering.1990–1991
Statens kunstindustrihøgskole, Oslo. Hospitering hos Marianne Selsjord.1989–1990
Privatlære og hospitering hos målarmeister Ole Klavenes, spesialist på eldre måleteknikkar.1988–1989
Notodden lærarhøgskule, forming. Årseining ved Akademiet Rauland.1987–1988
Privatlære hos rosemålar Ellen Øygarden, Rauland.1982–1983
Voss Husflidsskule. Teikning, form og farge.1979–1980
Suldal vidaregåande skule. Rosemålingslina, Sand. -
2026
«Kvar kan eg gå med mitt hjarta?», Galleri N. Bergslien, Eidfjord.2025
Utstilling, Alversund Kunst og Kultursenter.2024
Sommarutstilling, Agatunet – Hardanger og Voss Museum.2024
«Jubel», jubileumsutstilling for Harding Puls, Kabuso kunstsenter, Øystese.2024
«Mellom Land og Lov», Halsnøy Kloster.2022
«Fjord Pianorama», Galleri N. Bergslien, Eidfjord.2022
Voss kunst- og handverksmarknad, Evanger. Årets kunstnar.2021
«Sumarleik», Galleri Geilo Kulturkyrkje, Geilo.2021
Sommarutstilling, Uvdal Bygdetun. Det rettshistoriske Landslovprosjektet.2020
Sommarutstilling, Galleri Bergslitreet, Voss.2019
«Roser og liljer», Fredheimseminaret, Fusa.2019
Fjordsalongen, Brakanes Hotel, Ulvik.2018
Sommarutstilling, Agatunet – Hardanger og Voss Museum. Det rettshistoriske Landslovprosjektet.2018
«Skriften på veggen», Tunet kyrkje- og kultursenter, Os.2017
Galleri Puls, Norheimsund.2016
Galleri Hagalid, Hjelmeland.2012
Hardanger Fartøyvernsenter, Norheimsund.2012
Hardanger Kulturgalleri, Herand.2000
Galleri Akantus, Bergen.1998
Pacific Lutheran University, Tacoma, Washington, USA.1997
Scandinavian Festival, Atlanta, Georgia, USA.1996
Galleri Bærums Verk. -
2023
Prosjektstipend frå Harding Puls.2021
Stipend frå Hardangerrådet til kunstnaropphald i Berlin.2017
Kunstnaropphald i Covarrubias, Spania.1998
Statens studie- og reisestipend for kunsthandverkarar.1998
Leonardo da Vinci-stipend.1997
Kunststipend frå American-Scandinavian Foundation, New York.1997
Stipend frå Ulvik herad.1997
Stipend frå Haldor O. Opedals fond.1995
Statens material- og studiestipend for kunsthandverkarar.1995
Etableringsstipend frå Ulvik herad.1989
Førstepris i Seljord. -
2022
Dekorering av konsertpiano for Eidfjord herad.2019
Utsmykking av kapellet ved Ulvik omsorgssenter.2005
Dekor på døypefont i Sundvor kyrkje.2003–2005
Fargeplan for orgel, galleri og kyrkjerom i Fusa kyrkje. Utføring av dekorasjonsarbeid på galleriet.2003
Komposisjon til ny altarduk i Sundvor kyrkje.2000
Utsmykking av Fusa samfunnshus.1995
Utsmykkingsoppdrag for Norsk Hydro på Troll oljeplattform.1993
Utsmykking av samfunnshuset i Ulvik.