«Vegen inn i framtida»
Etter inspirasjon av fotografen Knud Knudsen liv og kunst.
Linlerret
Teknikk: Olje
H:60 B:120
«Hjarteband II»
«Hjarteband II»
Linlerret. H: 180. B: 50. Teknikk: Olje/Bladgull
Utsmykningsoppdrag for Kapellet til Ulvik Omsorgsenter.
«Hjarteband I»
«Hjarteband I» Linlerret H: 180. B: 50
Teknikk: Olje/Bladgull
Utsmykningsoppdrag til Kapellet ved Ulvik Omsorgsenter
«Utdrag frå Landslova» Landslovprosjektet
Materiale: Eik H: 164 B: 69 Tek. Olje/bladgull
Tekst: Sitat henta frå Landslova IV-18:
Domarane er utnemnde for at dei skal vurdere saker og misgjerningar og tilpasse domen etter omstenda, og ikkje, som mange fåkunnige har sagt, bare døma etter lov.
Dommarane skal velja det som er best for domfelte.
Sitat henta frå Landslova II-2
Kongen skal regjera den verdslege delen av riket, og biskopen skal regjera den åndelege delen. Og kvar av dei skal styrka den andre i si regjering, og vedkjenna at dei har fått si makt frå Gud og ikkje som eit resultat av eigen innsats.
Sitat Henta frå Landslova II-7
Det er eit godt råd at kvar skal oppføra seg vel mot seg sjølv og sine i si levetid, og meir når ein er frisk enn sjuk, for venskap og ettermæle er usikkert.
«Domens fire søstre» Landslovprosjektet
Linlerret H:120 B:82 Tek. Olje/bladgull
Tekst: Miskunn skal passa på så ikkje vreide og fiendskap kjem i domen.
sanninga skal sjå til at det ikkje blir bore fram løgn.
Rettvise skal passe på at domen ikkje blir omskipla av urett.
fredsemd skal passa på at ikkje altfor harde domar blir felte i vreide før rett dom blir avsagd.
«Guds fire døtrer» landslovprosjektet
Linlerret H:60 B:120 Tek. Olje
Tekst: Nåde og sanning skal møta kvarandre. rettferd og fred kyssa kvarandre.
Guds fire døtrer spring ut av Salme 85 der det heiter at «Godleik og sanning skal møte kvarandre, rettferd og fred kyssa kvarandre». Dette vart så utvikla i jødisk tradisjon til ei historie om fire søstrer som mellom anna gav Gud råd då han dømte Adam og Eva. Dei fire søstrene vart òg omtalt som Guds døtrer for å visa kor nært verdiane dei representerte stod det guddommelege.
Historia om Guds døtrer vart deretter tatt inn i ein kristen tradisjon i Frankrike av Bernhard av Clairvaux på fyrste havdel av 1100-talet,og vart kjent i Noreg på siste halvdel av same hundreåret. Denne historia kom så til å spela ei heilt sentral rolle då den norske staten vart skapt på 1100-og 1200-talet. Då gjekk Noreg frå eit vikingsamfunn der den sterkaste sin rettog bruk av vald var legitimt, og frå eit ættesamfunn der kvar tok vare på sine eigne, til ein stat der alle skapt i Guds bilete hadde krav på omsorg. Så vellukka var omdanninga at historia om Guds fire døtrer kunne forsvinna inn i gløymsla.
Jørn Øyrehagen Sunde
«Allianse» Landslovprosjektet
Maleri linlerret H:117 B:82 Tek: Olje/bladgull
Tekst: sanning skal renna upp av jordi, og rettferd skoda ned frå himmelen. herren skal og gjeva det som godt er, og vårt land skal gjeva si grøda.
Landslovprosjektet er leia av Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Det juridiske fakultet, UiB.
Maleriet er inspirert frå Prinsesse Kristine av Tunsberg, dotter av Håkon Håkonson.
Ho vart gift med prins Don Filipe av Spania i 1258
Denne bindinga Spania – Norge førte til at Norge ved bror til Prinsesse Kristina, Prins Magnus seinare Lagabøte IV fekk førstehåndskjennskap til Kong Alfons X store lovgivningsverk Las siete Partidas
Dette førte til stor innflytelse på landslova Magnus Lagabøte IV danna i 1274.
Hustavle
Måleri, «Eg har noko eg bare har når eg gjev det burt, kjærleiken.»
Lyrikk av Helge Torvund.
Linlerret H: 80 B:60
Teknikk: Olje/bladgull
Hustavle
Måleri. «Se i begge mine hender har jeg tegnet deg.
Linlerret H: 40. B: 40.
Teknikk: Olje
Tru, håp og kjærleik
Måleri, L: 83, b:40
Eikeplate
Tek. Kridt-lim grundering/olje/bladgull
Måleriet er bygd opp på same måten som eit ikon,
med 12 lag med kridt/lim grundering på ei treplate.
Tynne gjennomskinelege lag med oljelasur, gjev grunnlaget for komposisjonen.
Symbolet tru,håp og kjærleik er belagt med 23 3/4 karat bladgull.